Utgravinger på Vesterøya

Utgravinger på Vesterøya

Kulturhistorisk museum holder på med utgravinger på Husebyjordet på Vesterøya. De deler informasjon om jobben de gjør i egne kanaler. Dette videreformidler vi her.

Seint i august var det oppstart av utgraving på Vesterøya i Sandefjord. Utgravinga føregår på Huseby, på eit jorde mellom to skogkledde åskollar i nordenden av Vesterøya. Bakgrunnen for prosjektet er bygging av ny barneskule.

Det er gjennomført få arkeologiske utgravingar på Vesterøya. Den mest spektakulære fann stad på Auve i løpet av 70-, 80- og 90-talet. Med sine tjukke kulturlag og mange tusen funn av bein og keramikk, har Auve-buplassen frå yngre steinalder gitt svært viktige kunnskapar om korleis menneska utnytta kystlandskapet for over 5000 år sidan.

Det er velkjent at fleire jorder omkring Huseby er rike på funn frå yngre steinalder. Sidan 60-talet har Oldsaksamlingen mottatt fleire kilo flintgjenstandar samla inn frå dyrka mark, av grunneigarar og naboar. Den pågåande utgravinga på Huseby skal imøtegå slike funn ved å forsøke og påvise intakte busetnadsspor frå siste halvdel av yngre steinalder, perioden ca. 3300–1700 f.Kr.

På Huseby-jordet er det gjort oppdagingar òg frå mykje seinare tider. Her finst kulturlag med keramikk og flint frå yngre bronsealder (1100–500 f.Kr.) samt dyrkingslag tidfesta til førromersk jernalder (500–0 f.Kr.). Det har kome til lite kunnskap om busetnaden frå desse periodar på Vesterøya. Difor er det festa store forventingar til denne delen av undersøkinga.

Det er så stas å få undersøke eit så rikt og flott område! Me er godt i gang og arbeidet vil føregå fram til medio november.

Er du nysgjerrig på tidlegare steinalderfunn frå Vesterøya? Sjekk ut:

https://vestfoldhistorielag.no/…/steinaldersbygd-per…/

https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2011091608304